Om Voss og verda

Det har vorte sagt at å reise er å leva. Det kan nok diskuterast, men for nokre av oss tilfører det å reise det vesle ekstra til livet.

For min del har det å reisa alltid vore stas. Som barn kunne det vera ein helgetur til «hytten i byn» for å besøkja Mormor i Bergen og gå på zoologisk museum eller biltur gjennom Tyskland utan å vita kvar ein skulle sove kommande natt. Som vaksen har det til no kunne vore å reisa aleine til Gambia for å læra om bærekraft, til New York for å studera eller ta den gamle campingbilen på ein helgetur med kjærasten utan anna mål enn å ha det moro for bilen er fylt med ski, sykkel og klatreutstyr. Reiselengd har ikkje alltid så mykje å seie om ein berre er open for opplevingane undervegs.

Ein lærar og globetrottar fortalte ein gong at ei reise har tre like viktige delar: forbereding i forkant, sjølve reisa og minnene ein sit att med etterpå. Eg trur han hadde rett.

Med utgangspunkt i Voss vil eg dela tankar og opplevingar frå turar både her og der. Eit og anna om å reisa bærekraftig kan ein óg forventa seg.

– Anne –

0 comments on “Om Voss og verda

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s