Balkan Kroatia

Biletvandring: Ein dag i Skradin

Skradin, byen eit stykke inn i landet langs elva Krka, var den som overraska meg mest på septemberturen til Kroatia.

«Oi, sjå på dei vindaugene der då! Kva trur du dei snakkar om, dama der oppe i vindaugskarmen og mannen nede på gata? Å, for ein fin sykkel! Lurar på kva som står på dette dørskiltet, det ser gamalt ut. Trur du det bur nokon i dette huset?»

Skradin, byen eit stykke inn i landet langs elva Krka, var den som overraska meg mest på septemberturen til Kroatia. Der dei fleste berre nyttar byen som inngangsport til Krka nasjonalpark, hadde vi nesten to dagar her. I løpet av dei dagane rusla vi for det meste rundt og kom med utbrudd etter utbrudd over alle detaljane i gatebiletet.

Beliggenheten ved  den store elva har gjeve byen mange fordelar opp gjennom tidene, allereie i romertida var Skradin ein viktig by. I 1899 hadde byen full straumforsyning takka vere vasskraftverk litt lenger opp i elva.

20170908_131246

Sentrum består i ei hovudgate der det er kaféar, småbutikkar og boligar om kvarandre, og med ei kyrkje i kvar ende. Folk sat ute overalt, på uteserveringar, døropningar, benker og vindaugskarmar. Her hadde ingen det travelt.

Midt i hovudgata går det trapp opp til restane etter ei gamal borg med flott usikt over byen og Krka. Smale smug møter hovudgata overalt, i desse finn ein restauranter og overnattingstader. Smuga tar ein også ut til  havna, elvepromenaden og den vesle parken. Nyt synet av alle dei flotte svanane, men pass på å ikkje koma for nær.

20170909_100628

Vi ankom Skradin med buss frå Split og gjekk direkte til Guesthouse Ivan som var enkelt å finna midt i hovudgata. Skal du hit anbefaler eg å bu her. Verten Angela sendte oss faktisk tekstmelding på føremiddagen for å vite når vi kom, og vel framme fekk vi eit oppgradert rom og sjekka inn fleire timar før eigentleg innsjekkstid.

Resten av tida gjekk vi rundt i gatene og tok inn alle detaljane, gjekk opp til borgruinane og vidare innover i skogen og rundt åsen tilbake til byen. Vi drakk kaffi som kunne matcha den vi fekk i Zrnovo på ein uteservering i gata, åt lunsj langs elvepromenaden til svanane jaga oss vekk. Padla på elva, handla lokalt laga filigran smykker og ost i gåver til dyrepassarane våre heime og drakk vin på balkongen.

På kvelden åt vi nydeleg pasta og lam med trøffelsaus på La Cantinetta, ein liten restaurant i eit av dei mange smuga. Restauranten såg ut til å ligga i ein gamal bakgård, delvis overbygt og med eit stort, flott tre midt i. Ein plass som kan anbefalast på det varmaste.

Skradin er mykje meir enn ein gjennomfartstad til Krka nasjonalpark:

IMG_6990IMG_699720170908_14270820170908_14244320170908_14344820170908_14162120170908_13142520170908_13124320170908_13134120170908_13135220170908_15100320170908_15132220170908_15210620170908_15214420170908_15221020170908_15235220170908_15235820170908_15242720170908_15251420170908_152942IMG_699920170908_151217IMG_7019

0 comments on “Biletvandring: Ein dag i Skradin

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: