Balkan Kroatia

På jakt etter kaffi og landsbyliv

Kva var namnet på landsbyen igjen? Og ligg den to, fire eller seks kilometer lenger opp i fjellsida?!

«Kva var namnet på landsbyen igjen? Og ligg den to, fire eller seks kilometer lenger opp i fjellsida?»

Vi står i eit vegkryss vel ein kilometer oppe i fjellsida over Korcula by. Til no har det gått greitt å finna vegen på, men så gjer skiltinga oss forvirra. Å sykle feil langs trafikkert oppoverbakke i den varme føremiddagssola, allereie før dagens første kaffi står ikkje høgst på ønskelista…

 

Siste morgonen på Korcula set vi oss på sykkelsetet og vender nasen oppover mot fjella. Kunne landsbyen, Zrnovo, by på betre kaffi enn den vi fekk på stranpromenaden?

PSX_20171107_145121-1.jpg

Zrnovo, skulle i følgje Google maps liggja om lag to kilometer frå leileigheita, men eg har tidlegare lest at turen er fire kilometer. Det burde uansett vera ein overkommeleg sykkeltur i morgonsola.

Det første stykket går raskt og fint langs hovudvegen mellom Lumbarda og Korcula by. Frå vegkrysset ned mot sentrum tar vi av mot Vela Luka, ein by på andre sida av øya. Oppover bakkane passerer vi fleire fotturistar, kanskje med same mål?

Men no står vi altså ved eit vegskilje, der vi anten kan fortsetje på hovudvegen der skiltet peikar mot Zrnovo 6 km eller ta av på ein mindre veg skilta mot eit navn vi ikkje kjenner.

Han er ved godt mot, seks kilometer på sykkel er jo ingenting. Han gløymer at eg verken har fått kaffi eller frukost endå…

Takk og lov for inkludert roaming! Eit par minutt til med studering av kartet viser seg at Zrnovo faktisk er tre ulike landsbyar, som ligg like ved kvarandre. Tilbake på sykkelsetet tar vi mot høgre og Prvo Selo, landsbyen som ligg nærast.

PSX_20171107_144450-1.jpg

Vi syklar framleis oppover, men ikkje like bratt og definitivt på ein rolegare veg. Etter ei lita stund må vi likevel av sykkelsetet på nytt. Denne gong er det utsikten som stoppar oss. Utsikten og eit utruleg steinarbeid på hus, tak og mur like nedanfor vegen. Vi vert alltid fasinert av slikt. Kanskje fordi vi har lite av det her heime.

PSX_20171107_144347-1.jpg

Steinhus og -murar ser vi meir av når vi nærmar oss Prvo Selo. Nytt og gammalt, vedlikehaldt og samanrast.

PSX_20171107_144029-1.jpg

Fleire og fleire hus dukkar opp, og plutseleg står det eit stort kors i ein sving. Vi var framme – og heilt einige om å setja oss ned på den første og beste kaféen. Ikkje fordi turen hadde vore særskilt slitsam, men fordi morgonkaffi var målet.

PSX_20171107_144141-1.jpg

Den første vi kom til var Lava Caffe. Vi sette oss ned utanfor og fekk kjapt kvar vår «americano» på bordet. At det var ein del mindre vatn i «americanoen» her enn det vi er vant til var tydeleg. Det var vel heller to doble espressoar som dukka opp. Om det gjorde noko? Så absolutt ikkje.

PSX_20171107_143850-1.jpg

Sjølv om Korcula by var relativt stille og fredeleg på denne tida av sesongen, var det endå fredelegare her. Berre vel to kilometer frå byen var det ikkje ein turist i sikte. Vi vart sitjande lenge nok til å drikke fleire koppar, sjå på og lytte til dei som kom og gjekk på naboborda og snakke om kor godt vi likar Balkanlanda.

PSX_20171107_144243-1.jpg

At vi fann feriens beste kaffi i dei gamle lokala til det kommunistiske partiet i landsbyen er ein artig detalj.

Det vart nok kaffi til slutt, og ivrige etter å sjå resten av Zrnovo kom vi oss tilbake på syklane. Når vi ser eit serverdigheitsskilt mot ei kyrkje tar vi av frå vegen for å sjekke det ut. På ein liten høgde ligg Sveti Martina-kyrkja og dominerer. Det mest fasinerande her var det store treet som vaks rett ut av muren. Kyrkja var stengt, så vi fekk ikkje sett korleis den såg ut innvendig, men vi møtte nokre andre syklistar som også hadde tatt avstikkaren.

IMG_6969

Etter nokre bilete av kyrkja og treet var vi på veg vidare, no utan anna mål enn å stoppe der det passa. Og når det plutseleg dukka opp ei stor husklynge med smale smug mellom på oppsida av vegen, var det berre å låse fast syklane på nytt. Sjølvsagt måtte vi gå opp og sjå!

PSX_20171107_143137-1.jpg

Dette var den tredje landsbyen i rekka, Postrana. Også her stod velhaldte og samanraste hus side om side, men alle vitna om eit flott handverk. Eit par hundar kvilte i skuggen, elles såg vi ingen. Folk flest var nok på arbeid. Eller rett og slett flytta der i frå.

PSX_20171107_143301.jpg

Vi rusla opp og ned trappene, fram og tilbake mellom husa og gjennom små tunnelar, til vi kom til ein open plass med nok ei kyrkje og nokre gode, gamle ladaer. Han skulle visstnok gjerne tatt med seg ein heim…

PSX_20171107_143033-1.jpg

No hadde vi sett dei tre Zrnovo-landsbyane og var klar for å tilbringa siste rest av dagen strak ut på ei strand. I alle fall eg. Han ville nok ta seg nokre turar på padlebrettet.

PSX_20171107_142835-1.jpg

Vi sykla tilbake same veg som vi kom, gjennom landsbyane og stoppa eitt par plassar til for å ta bilete og nyta det vakre landskapet. Etter Prvo Selo ser vi ein litt stor sti på nedsida av vegen og tenkjer at terrengsyklane våre kan få utfordra seg litt. Nokre hundre meter seinare innser vi at det nok ikkje er ein sti, men sannsynlegvis gamlevegen frå Korcula by lagt i sement. Litt brattare og heilt utan trafikk, er det uansett kjekkare å sykle enn hovudvegen.

PSX_20171107_142724-1.jpg

Å ta ein tur til Zrnovo kan anbefalast, anten du syklar, går, køyrer eller tar taxi. På eitt par timar føler du at du har fått sett mykje meir av Korcula enn berre gamlebyen og strendene.

1 comment on “På jakt etter kaffi og landsbyliv

  1. Tilbakeping: Biletvandring: Ein dag i Skradin – Voss og verda

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: