Balkan Kroatia UNESCO

Ei septemberveke i Kroatia

Kroatia i byrjinga av september byr på det beste av det beste. Her går historie, god vin, avslapping og opplevingar hand i hand.

Baksande med kvar vår store 20 kilos sekk på ryggen og 10 kilo handbagasje på magen kjem vi inn i den nye avgangshallen på Flesland. Det store spørsmålet no er; korleis får vi padleåra i carbon trygt fram?

 

Første september markerer overgang frå hovudsesong til skuldersesong i Kroatia. Skuleferie og fellesferie er over i dei fleste europeiske land, inkludert for italienarane som meir eller mindre strøymer til den kroatiske kysten i august. For oss betyr dette ei rimelegare reise, meir avslappa stemning og framleis fine temperaturar.

IMG_0065

Å PLANLEGGE FOR TO
Å planlegge soloreiser er relativt enkelt, å planlegge ein flott ferie for to personar med litt ulike interesser syns eg er meir utfordrande. Men utfordringar er jo artig det og!

Eg fall pladask for Balkan for fleire år sidan. Han diggar Slovenia, og kunne tenkja seg å sjå meir av området. Så når eit kjapt søk hjå Ving viste flybillettar t/r Bergen – Split til kr 498,-, var valet enkelt; haustferien skulle gå til Kroatia! Kroatia passa oss perfekt – her får ein både historie og kultur, sjø og fjell og god vin og mat.

Dette skulle vera ein ferie der vi kunne slappa av etter ein sommar med oppussing og flytting, så litt ro måtte det bli. I tillegg han med sitt nære forhold til elvar og fossar besøkja Krka nasjonalpark, og eg ville få med meg den urbane verdsarvbyen i Split.

IMG_6865

Ein del timar med googling og søk på Booking.com seinare, var reiseruta klar:

Split -> Korcula -> Skradin  

Med oppblåsbare padlebrett i bagasjen, slik at stranddagane ikkje skulle bli for lange for ei rastlaus sjel.

EIN DAG I SPLIT
Nokre timar seinare ventar vi spent på bagasjen i Split, og jodå; alt dukkar opp utan ei skramme. Vel gjennom tollen får vi med ei gong auge på ein lapp med «HIRTH» på. Grunna sein ankomst har vi førehandsbestilt taxi frå Connecto Transfers, for å bruka minst mogleg tid på transport. Ein god time etter landing er vi framme ved hostellet vi skal overnatte på, og taxituren var verdt kvar ei krone. Etter å ha sjekka ut den vesle leilegheita, tar vi ein kveldstur ned til sentrum og strandpromenaden, Riva. Klar for å utforske Split meir morgonen etter, vert det ei relativt tidleg natt.

Med få timar tilgjengeleg i Split, står vi tidleg opp og ruslar rundt i dei trange gatene i den utrulege gamlebyen fram til kaféane åpnar. Framleis var det stille i gatene og vi kunne ta oss tid til å studere detaljane på dei gamle bygga. Men ikkje lenge etter at frukosten var fortært på ein utekafé kom turistgruppene i mengder. Split er ein storby, faktisk den nest største byen i Kroatia, og dei smale smuga forvandla seg til elver av menneske som strømma gjennom.

IMG_6869

Ingen av oss liker å gå i kø, spesielt ikkje på ferie, så vi takkar Diocletians palass for ein fin morgon og går vidare mot Marjan Hill. Eg syns alltid det er kjekt å koma seg opp i høgden når eg er på ein ny plass, då får ein både utsikt og oversikt.

IMG_0072 (2)

FERJETUR TIL KORCULA
Vêret denne dagen var ganske grått vindfullt. Seint på ettermiddagen henta vi bagasjen på hostellet og gjekk mot havna, neste destinasjon ligg tre timar med båt frå Split og vi hadde kjøpt billetter på kontoret i sentrum. Det var lenge usikkert om båten i heile tatt ville gå denne dagen på grunn av vind, men vi kom oss heldigvis av gårde. Første del av båtturen gjekk fint, men vel forbi øya Brac byrja det å gynge. Mildt sagt.

Den første som kasta opp satt to rader bak oss, og eg møtte blikket til han som satt mellom oss. Eg trur vi tenkte det samme; Kvifor setje seg innerst på ei rad når du veit at det er fare for å bli sjøsjuk?! Det tok ikkje lang tid før vi kunne høyre brekningar overalt, og eg prisa meg for at vi begge tåler ein del sjøgang. Dei neste to og ein halv timane kunne likevel bli lange…

20170903_182125

Heldigvis roa sjøen seg så fort vi runda Hvar. Første stopp på ferjeturen var Hvar by, der eg var på venninnetur i 2012. Siste del av ferjeturen kom vi i snakk med ein amerikaner som fortalte om heftige festdagar i Hvar. Eg var glad vi skulle til rolige Korcula denne gongen.

DEN GRØNE PERLA
Båtturen tar lenger tid enn eg hadde rekna med og det har blitt mørkt når båten legg til kai i Korcula by. Innseglinga eg hadde gledd meg sånn til, etter å ha sett byen frå sjøen på veg frå Dubrovnik på turen til Hvar, vart ikkje heilt som forventa. Vel av båten med alt pikkpakket møtte Korcula oss med iskald vind og lett regn.

Skal vi aldri få fint vêr på kjærestetur?!

Leilegheita vi hadde leigd via Booking.com låg vel 1,5 km utanfor byen, og med 30 kg kvar å drasse på var det ingen veg utanom taxi. Det skulle vera lettare sagt enn gjort. Berre sure, ikkje-engelsktalande sjåførar stod på kaien, og dei var for såvidt praia for lenge sidan. Heldigvis kom ei hjelpsam kvinne oss til unnsetning og viste oss til taxihaldeplassen eitt par hundre meter bortanfor. Der møtte med eit stort smil og flytande engelsk – trur du ikkje den første sjåføren vi møtte var barndomskompis av han vi skulle bu hjå?

20170904_110827

Eg vakna som vanleg tidleg neste morgon, klar for å sjekke ut omgjevnadene. Første mål var å sjå den pittorske gamlebyen, som faktisk hamna på Unesco si verdsarvliste i år som ein av fleire venetianske festingsverk. Vi sette oss på syklane på jakt etter ein god balkansk kaffi med utsikt. Og ja, sykkel! I forkant var eg litt skeptisk til om leilegheita låg litt langt frå byen og aktuelle strender, men med kvar vår raske sykkel inkludert tok det oss knappe 10 minutt langs strandpromenaden.

Korcula by er ikkje så stor, men oi så koseleg. Eg skjønar kvifor den vert kalla mini-Dubrovnik, med murane og dei trange smuga. Etter kaffi gjekk turen opp i klokketårnet som ragar over gamlebyen. Her hadde vi 360 graders utsikt mot turkis sjø, rødbrun by og grøne fjell. Og om du ikkje har skjønt det; blå himmel og strålande sol. Ingen tvil om at det skulle bli fine dagar her!

20170906_173956

I løpet av dei neste fire dagane veksla vi mellom det beste Korcula har å by på; to ulike strender, stand-up-padling, sightseeing, sykling, god mat og ikkje minst god vin. Byen legg til rette for den perfekte blandinga av avslapping og aktivitet. Det var akkurat passe folk til at vi hadde nokon å kikka på når vi sat på kafé eller restaurant, men lite nok til at vi nærmast hadde dei fine, små strendene for oss sjølv.

20170906_120526 (2)

OFFENTLEG TRANSPORT
Etter fem fine netter hjå Apartments Cebalo var det på tide å flytta på seg igjen. Gamlefar i huset stilte opp som sjåfør, for i følge mor i huset var det inkludert i leiga. Trass i at vi måtte nå ei ferje kl. 06.00… Ferjeturen gjekk raskare på veg tilbake til Split, og sjølv om sjøen var relativt stille hadde himmelen opna alle sluser.

Som eg har nemnt tidlegare er det enkelt å bruke offentleg transport for å reise rundt her. Etter nokre kjappe rundar på Google har ein både buss- og ferjeruter tilgjengeleg, etter mi meining endå enklare enn om du skulle prøve på det heime. Det er blant anna berre eit ferje-selskap som gjeld, og det er Jadrolinija. Tur retur Korcula frå Split tok vi katamaran, med sittestolar og ein bar med drikkevarer og sandwhichar. Då eg tidlegare reiste frå Dubrovnik til Hvar tok vi bilferje der vi kunne slå oss ned på dekk for dagen.

Frå Split tar det omlag ein times tid med buss til vårt neste reisemål, Skradin. Ferja la til kai vis-a-vis bussterminalen. Vi kjøpte bussbillettar, plasserte bagasjen i ein av dei mange oppbevaringskioskane og gjekk for å kjøpe frukost før turen vidare.

20170908_143448 (2)

BYEN ALLE REISER GJENNOM
Skradin var byen eg var mest spent på i løpet av denne turen. Eg hadde lest litt om den, men det verka som om dei fleste berre gjekk gjennom den på veg til og frå Krka nasjonalpark. Gjett om eg vart positivt overraska! Blanding av fargerike og slitne fasadar pregar hovudgata, med smale smug i eine retningen og ein ås på den andre. Skradin ligg litt inn i landet, men sjøen går heilt inn der den møter elva Krka. Det såg ut til at både båtfolk og svaner treivs godt med brakkvatnet her inne.

Etter ein rask lunsj på strandpromenaden grunna irritable svaner, bevega vi oss opp i høgden. For å få oversikt, du veit. Det ligg ruinar av ei gamal borg på toppen av åsen, godt merka frå byen. Sjølve borga var ikkje så mykje å sjå, men utsikten var topp.

Resten av dagen gjekk vi for det meste rundt, kikka opp og fantaserte om kven som budde bak dei ulike skoddene. Vi drakk espresso på ein liten bar midt i gata, blei kjent med gatas konge – ein artig vakthund på størrelse med katten min, og lufta padlebretta ein siste gong før heimreise. I Skradin såg det ut til at folk tok livet med ro, borda og stolane på gata var fylt av lokale og her og der satt det ei dame i eit vindauga og prata med nokon på gateplan.

KRKA NASJONALPARK
Vi kom til Skradin først fremst for å besøke nasjonalparken Krka med alle fossefalla, men byen sjølv var faktisk det som gjorde størst inntrykk på meg. Mogleg det berre er eg som er bortskjemt vestlending, vant til spektakulære elvar og fossar…

20170909_104019 – Kopi

Misforstå meg rett; Krka er absolutt verd eit besøk, men legg til ei overnatting i byen i same slengen.

Siste feriedag gjekk vi ombord i ein båt som tok oss oppover elva, og frå inngangspartiet gjekk vi den 3 km lange stien forbi, mellom og over små og store fossar. Vi las om kraftverk og geologi, og hoppa på endå ein båt lenger oppover elva for å besøkje øya Visovac og klosteret der.

Hadde vi ikkje hatt eit fly å rekke, hadde vi nok tatt ein endå lenger båttur her. Men vi såg oss fornøyd med parken og kom oss tilbake til byen for middag og pakking.

SEIN AVREISE
Når ein har avreise seint på kvelden kan siste dag ofte bli til ein lang dag med venting. Dette slapp vi unna av tre grunnar: Nasjonalparkbesøk lagt til denne dagen, overnatting reservert ei ekstra natt og førehandsbestilt taxi frå overnattingsstad til flyplassen.

Vi betalte rett og slett for ei ekstra natt i Skradin, kun for å ha rommet tilgjengeleg fram til avreise kl. 19. Då slapp vi å tenkje på oppbevaring av bagasje og kunne ta ein dusj etter dagen ute.  Når rommet kostar kr 150,- natta, er det ingenting å tenkja på. Taxien rygga inn gata nøyaktig kl. 18.50, og sjølv om sjåføren ikkje var like pratesalig denne gongen kom vi oss trygt fram til flyplassen i god tid.

20170909_105608 – Kopi

Ei rolig veke i dette fantastiske landet vart avslutta med totalkaos og to timar venting på Split flyplass. Kroatia skal eg tilbake til, men aldri denne flyplassen på ein laurdagskveld.

IMG_6885

Øyhopping i Kroatia i byrjinga av september kan anbefalast! Vi fekk alt vi kunne ønska oss; sol, temperert sjø, passelege folkemengder, god mat og venlege smil. Men anbefaler å ta med ei lett jakke og eit sjal til kvelden – det er kjedeleg å gå heim berre fordi det blir litt kjølig.

 

1 comment on “Ei septemberveke i Kroatia

  1. Tilbakeping: Biletvandring: Ein dag i Skradin – Voss og verda

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: