Jordan UNESCO

Petra – den gløymte byen

Verdsarvbyen Petra er som koma til ei anna verd, og bør vera på alle si buckettliste.

Vi har gått nesten to kilometer innover ei smal kløft i januarkulda. Før kvar sving aukar spenninga; kva ser vi no?

Og plutseleg er den der; Al Khazne. Gravkammeret som også vert kalla «the treasure», kan skimtast mellom fjellveggane. Vi er framme i Petra. Oldtidsbyen som er hogd ut av fjellet og som ein gong var handelssentrum langs kongevegen mellom Kairo, Syria og Eufrat.

PSX_20171024_125822.jpg

Midt i den Jordanske ørkenen, i enden av ei to kilometer lang kløft, ligg Petra. . Som hadde si storheitstid frå 600 år f.kr til 300 e.kr, for deretter å verta heilt gløymt frå 1300-talet.

Byen var meir eller mindre gløymt heilt til i 1812 då den sveitsiske oppdagaren Johannes Ludvig Burckhardt satte seg som mål å gjennfinne det gamle karavanesentrumet. Han utga seg for å vera arabaren Sheik Ibrahim Ibn Abdallah, og overbeviste ein beduin om å visa han den hemmelige byen.

For Petra hadde ikkje vore gøymt og gløymt av alle. Beduinar har nytta dalen og husa som er bygd inn i fjellet i århundrer. Framleis held dei til i området og mange livnærer seg på besøkande til verdsarvstaden på ulike måtar.

I januar var det rolege dagar der, og det var hyggeleg å slå av ein prat med barna. Sjølv om eg helst skulle sett at dei var på skule midt på dagen.

Når ein har kome gjennom den lange, smale kløfta er det som om ein plutseleg befinn seg i ei anna verd.

Petra ligg i ein liten dal, og overalt ser ein ei blanding av flotte fasadar og runde huleopningar. Alt hogd inn i og ut av det rosafarga fjellet.

Både kongegraver, hulene som fungerte som boligar og amfiteateret vitna om det som ein gong var ein livlig og storslått by. Fantasien fekk mykje å jobba med her!

I Petra si storheitstid var kamelar det viktigaste transportmiddelet, og du ser dei framleis overalt. Flott utsmykka slappa dei av i januarsola.

Petra vert kalla «den rosa byen», og det er ikkje utan grunn. Den rosafarga steinen gav alt eit rosafarga skjær.

Boligane var huler i fjellet, og eg kan ikkje slutta å lura på korleis dei såg ut innvendig for 1000 år sidan.

Kongegravene hadde flott utsmykka fasadar som viste rikdom og rang, men til min overraskelse var det berre eit lite rom med ei grav inni.

Er det ein av plassane på UNESCO si verdsarvliste du bør sjå, så er det Petra.

Reise hit

Det er mogleg å reisa hit på dagstur frå badebyane Aqaba i Jordan og Eilat i Israel, eller du kan ta det som ein del av ei rundreise i Jordan frå hovudstaden Amman.

Vi tok det som ein avstikkar på ei lengre reise i Israel og Palestina. Tok taxi tur retur frå Eilat og overnatta ei natt i den vesle byen Wadi Musa like ved.

Det er verd å merka seg at pris på inngangsbillett differensierar på kor lenge ein er i Jordan. Dagstur er dyrast og så vert det rimelegare dess lenger du er i landet. Ein fin måte å oppfordre til lengre opphald!

Du kan reise hit heile året, men eg vil tru det kan bli svært varmt i kløfta og sjølve Petra midt på dagen. Vi var her i januar. Då var det få andre turistar, og skikkeleg kaldt i skyggen og på natta.

Les meir på Petra sine offisielle nettsider.

0 comments on “Petra – den gløymte byen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: