Budapest Ungarn

24 timar i Budapest  

Bli med på ei biletvandring i Budapest, byen som er delt i to av Donau.

Budapest, hovudstaden i Ungarn, er ein by alle bør oppleve ein gong. Her er flott arkitektur, spa, shopping og bra uteliv. Eg hadde omlag 24 timar i byen i forbindelse med eit bryllup for nokre år sidan, og gjorde som eg alltid gjer på soloreiser – rusla gatelangs med kameraet mitt.

 

PSX_20171018_200720-2.jpg
Byen var opprinneleg to byar, Buda og Pest, delt i to av elva Donau, men vart slått saman til Budapest i 1873. På eine sida av Donau tronar den gamle borga på ein høgde, og på den andre det storslåtte parlamentet.

 

 

 

første eg gjorde var å krysse elva for å gå opp på Gellerthøgden for å få litt utsikt. Høgden på 140m over Donau har fått namn etter biskop Gellert, som visstnok skal ha blitt kasta utfor toppen i ei tønne av rasande byborgarar i 1064. Han hadde prøvd å omvende dei til kristendommen…
PSX_20171018_200754-2.jpg

 

PSX_20171018_194600-2.jpg
Tilbake over Donau gjekk turen mot det jødiske kvarter. I dag er dette igjen ein levande bydel, slik det var fram til andre verdskrig. I 1944 vart området omgjort til ein innesperra getto, der titusenar av jødar vart haldt fanga i vente på frakt til konsentrasjonsleirar.

 

 

Synagoga som ligg her er den største i Europa, med plass til over 3000 personar. Eg gjekk ikkje inn, men den var storslått også utanpå. Ved synagoga finn ein holocostminnesmerket. Ein fin stad å stoppe opp eit minutt for å tenkje over historia.

PSX_20171018_194046-2.jpg

Uansett kvar ein går i denne byen er det verdt å sjå opp like mykje som fram. Utsmykkingane er til tider heilt utrulege.

 

 

Eg overnatta på Lavender Circus Hostel, ein budsjettvennlig og artig overnattingsstad, med eit stort 2-mannsrom på to plan og delt bad like utanfor døra. Herifrå kunne ein gå overalt.

PSX_20171018_170509-2.jpg
Kveldstur gjennom det vakre sentrum, langs Donau og over bruene kan anbefalast. Kva er vel meir magisk enn måneskinn over ei opplyst middelalderborg? Flott var det i alle fall.

 

 

Dagen etter var det borga som skulle besøkjast. Gjennom sentrum på nytt og over elva.

PSX_20171018_194948-2.jpg

 

PSX_20171018_200131-2.jpg

Eg kom opp til borga «bakvegen». Eg lurte ei stund på om eg var på rett veg, men så dukka dei store borgmurane opp.

PSX_20171018_194732-2.jpg

Det eg ikkje hadde fått med meg, var at store deler av palasset husar det store Nasjonalgalleriet. Eg vandra med andre ord rett inn i utstillinga utan billett… Heldigvis møtte eg på ein snill kvinneleg vakt, som losa meg kjapt gjennom deler av galleriet og ut på andre sida.

PSX_20171018_195621-2.jpg

Borgområdet er stort med nydeleg utsikt over på parlamentsbygningen, som vart bygd i nygotisk stil i 1902. Det minna mykje om parlamentet i London som vart bygd nokre tiår tidlegare.

 

 

Skal du til Budapest, ta deg god til i Borgdistriktet. I tillegg til kongepalasset og utsikten, finn du blant anna Mattiaskyrkja, Fiskerbastionen og Sandor-palasset her. 

PSX_20171018_195703-2.jpg


Fiskerbastionen er eit monument til Fiskerlauget i byen, og vart bygd 1895. Tårna skal visstnok gje den beste utsikten over Donau til Pest. Eg syns kanskje utsikten frå sjølve borga var hakket betre, men arkitekturen er heilt klart eit must å få med seg.

 

 

 

Etter nokre timar i Borgdistriktet gjekk turen tilbake over Donau og gjennom sentrum av Pest. Det var på tide å henta bagasjen og koma seg til flyplassen for min del.

PSX_20171018_200515-2.jpg

Ein kan få gjort mykje på to halve dagar, men neste gong håpar eg på å få tid til litt meir. Kanskje eit bad på det berømte Gellert-hotellet og eit litt lengre besøk på Nasjonalmuseet?

PSX_20171018_194647-2.jpg

0 comments on “24 timar i Budapest  

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: