Litauen Vilnius

Der hundar får lov å vera hundar…

... og kattar ikkje treng å elske eigaren sin, men må stille opp i nød.

Om du ikkje har vore i Vilnius er sjansane store for at du ikkje har høyrt om Englerepublikken Uzupis.

PSX_20171017_131018-1.jpg

Og om du har vore der, men var for oppteken av shopping og spa-behandlingar til ikkje å få med deg denne fascinerande bydelen, gjekk du glipp av noko!

PSX_20171017_131631-1.jpg

Namnet, Uzupis, betyr rett og slett «på andre sida av elva», og du kjem deg dit over ei av dei mange bruene frå gamlebyen i Vilnius.

PSX_20171017_133524-1.jpg

Uzupis er ein av dei eldste bydelane i Vilnius, og var tidlegare prega av fattigdom og handverkarar. Før andre verdskrig budde mange jødar her, men dei fleste flykta under Holocost.

PSX_20171017_130755-1.jpg

Etter at Vilnius vart frigjort i 1991 byrja kunstnarar og bohemar å slå seg ned her, og Uzupis blomstra opp. På sin måte, vel og merka.

I 1997 erklærte innbyggarane Uzupis som ein eigen republikk – med eigen president, nasjonalsang og grunnlov. Grunnlova er noko spesiell, og minner meir om Kardemommelova.  Lov nummer 14 gjer til dømes alle rett til å ikkje vera klar over alle sine oppgåver til ei kvar tid.  Den er lista opp på store speil på fleire ulike språk, til og med på norsk. Trykk på bileta over for å lesa meir.

PSX_20171017_130535-1.jpg

For dyrevenner er lov 10 – 13 spesielt fine; alle må elska og ta vare på katten, ein hundeeigar må ta vare på hunden til ein av dei dør, hunden har lov å vera hund og katten treng ikkje elska eigaren sin utanom i nødtid. 

PSX_20171017_131917-1.jpg

PSX_20171017_125304-1.jpg

Den store statuen av ein engel som bles i ein trompet på torget, er eit av symbola på Uzupis. Den skal symbolisere kunstnerisk friheit, og Uzupis vert difor ofte kalla «Englerepublikken»

PSX_20171017_133432-1.jpg

Skal du på helgetur til Vilnius, gå den korte turen over elva og bruk eit par timar på å utforske denne spesielle staden.

PSX_20171017_124644-1.jpg

Det ser slitt ut dei fleste plassar, men gatene og husfasadane er spekka med veggkunst og andre artige detaljar.

Langs elvebredden finn ein også det alternative galleriet «Galera», der kunstnarar stiller ut ulik type kunst. Diverre var det ikkje noko der den kalde vinterdagen eg var i byen.

PSX_20171017_130903-1.jpg

0 comments on “Der hundar får lov å vera hundar…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: