Norge Voss

Haustlykke i Sendedalen

Eit døgn på Vikafjellet, med klare haustfargar, ein magisk stjernehimmel, nordlys og kaffi i solveggen.

Vikafjellet mellom Voss og Vik i Sogn er eit fantastisk fjellplatå og ynda turområde. Ein av dei mest populære turmåla er Sendedalene, med fem kilometer lettgått sti langs fire små vatn.

Inst i dalen ligg Sendebu, ei lita hytte bygd av bestefar min og brødrene hans.

Kva er vel betre enn å kunne hiva seg rundt ein fin lørdags ettermiddag, pakka soveposen og taco-ingredienser, og tilbringe natta i slike omgjevnader?

Ein treng ikkje alltid reisa langt for magiske opplevingar!

Bestefar og brødrene hadde nok rynka på nasen over taco-måltidet, men det smakte mykje bedre til solnedgang over haustfargane enn heime i sofaen!

Tenk å kunne leita etter stjerneteikn under tannpussen – og plutseleg sjå nordlyset rulla over fjella!

Å vakna tidleg til ein hund som vil ut, er heilt ok når sola skin og ein blir sitjande med kokoskaffi og ei god bok i solveggen heile formiddagen.

Akkurat då var det ingen annan plass eg heller skulle vore.

Hausten er heilt klart den finaste tida i fjella, når til og med blikkstille vatn speglar fargane.

Takk for denne gong, Sendebu!

1 comment on “Haustlykke i Sendedalen

  1. Tilbakeping: Vintermagi i november – Voss og verda

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: