Hellas Samos Soloreise

Samos: ei veke i bilete

Ei veke på sjarmerande, greske Samos oppsummert i bilete.

Ei veke på sjarmerande, greske Samos oppsummert i bilete.

 

SAM_7214

Pittoreske Kokkari var utgangspunkt for veka.

 

Dag 1: Formiddagstur i fjella over Kokkari.

 

Tips! Du får kart over alle stiane i kioskane i sentrum. Hugs meir 0,5 liter vatn…

SAM_6917

Dag 2: Kultur og shopping i Samos by (Vathi)

 

Tips! Besøk det arkeologiske museumet.

SAM_6836

Der kan du blant anna sjå den gigantiske statuen av ein kouros (mann) på 5,5 meter. Frå det sjette århundre før vår tidsrekning.

SAM_7017

Dag 3: Utflukt til naboøya Patmos.

 

Tips! Besøk den gamle hovudstaden Chora, som inneheld Johannesklosteret og vart bygd som ei borg for å forsvare seg mot piratar.

SAM_6995

Her finn du og grotta der apostelen Johannes visstnok skal ha fått åpenbaringen sin.

SAM_7086

Dag 4: Mountain biking i fjella over Kokkari.

 

Tips! Ta lunsjen i idylliske Vourliotes før du tar stiane ned att.

SAM_7068

Koseleg lunsjselskap!

SAM_7198

Dag 5: Med leigebil rundt øya. Som Vestlending treng ein ikkje bekymre seg for vegstandarden!

 

Tips! Parker i Pythagorion og gå opp til Spiliani-klosteret i fjellsida. Hugs å kjøpe is hjå den hyggelege munken!

 

Ta deg og tid til å utforske Heraion. Tempelet til gudinna Hera, som skal ha vore det største greske tempel bygd nokonsinne. I dag står det vel og merke berre att ei søyle, av 115 i år 500 f.kr.

SAM_7074

Pythagorion er triveleg, om ikkje like koseleg som Kokkari.

SAM_7214

Dag 6: Stranddag i Kokkari.

 

Tips! Brukar du dagane på å utforska øya, nyt nokre timar på stranda på ettermiddagen.   Går du tilbake til same stad kvar dag, får du kanskje leige gratis solseng heile veka. I alle fall om du er ei soloreisande jente…

SAM_7247

Anbefaler også å få ein gresk kompis, som Alexandros. Han kom køyrande med ferske fersken på scooteren sin kvar ettermiddag, og kunne fortelje mykje om livet i Hellas dei siste 50 åra.

SAM_6732

Kveldane vart brukt til å ete gresk meze, drikke god vin og utforske den vanvittig sjarmerande byen.

 

Tips! Ta med kjærasten.

Kokkari er litt for romantisk til å vera den perfekte solodestinasjon.

 

 

0 comments on “Samos: ei veke i bilete

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: