Gudvangen Norge Voss

Tilbake til vikingtida 

Njardarheimr i Gudvangen, 45 minutt frå Voss, tar deg med tilbake til Vikingtida.

Det er mange gode grunnar til at turismen aukar i Vossaregionen. Bygda ligg midt i smørauga i Fjord Norge. Ikkje berre er området det flott natur og interessant historie, det er òg mange dyktige folk som skaper spennande aktivitetar.

Siste nytt er vikingbyen, Njardarheimr, i Gudvangen, berre 45 minutt køyring frå Voss sentrum. Ein grå søndag i juli vart det endeleg tid til ein dagstur dit.

Så lenge eg kan hugse har eg høyrt om eit vikingmiljø i Gudvangen, blant anna Vikingmarknaden som vert skipa kvar sommar. Noko av grunnen har nok vore lokale ildsjeler, men ein del har nok kome hit fordi det sannsynlegvis var ein handelsstad under Vikingtida.

Namnet Gudvangen stammar frå «gudane sin plass», og Nærøyfjorden heit sannsynlegvis Njardarfjord frå gammalt av. Etter guden Njord, som passa på sjøfarande og handel.

Det har vore snakk om å laga ein vikingby i nær tjue år, og i vår var den endeleg ein realitet.

I byen lever ekte vikingar på autentisk vis heile året. Bygga er konstruert etter original byggeskikk, der til og med husmalinga er laga på vikingvis av alt frå tjære til menneskelevningar.

Maten ein kan kjøpe er berre av råvarer som fans på den tida, og laga på originale måtar. Tørking, røyking, bålgroper og fermentering vart mykje brukt. Tidlegare har eg vore så heldig å få smake ein 5-retters meny, og middag her kan til dei grader anbefalast.

Njardarheimr er open for besøkjande kvar dag, i tillegg til å tilby opplegg for grupper og skular. Bryllup og andre feiringar kan ein også halde her.

Alle som til ei kvar tid bur i byen driv med eit handverk eller liknande. Som besøkjande kan ein difor både sjå, lære om og kjøpe autentiske vikingprodukt. I mine auge gjer dette byen levande.

I Vikingtida hadde historieforteljarane ein viktig rolle, og i Njardarheimr er desse ein blanding av guidar og skodespelarar. For å få mest ut av besøket bør ein bli med på ein av dei mange omvisingane, som alle startar ved høvdinghuset.

Nokre timar her går fort, og vil ein bruke heile dagen i Gudvangen kan ein leige kajakk hjå naboen Nordic Ventures.

Ps! Ein treng ikkje ha med seg vikingmynt for å handle, dei tar Vipps 😉

0 comments on “Tilbake til vikingtida 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: