Norge Sogndal Sognefjorden

Kjærkomment avbrekk

Når heile sommarferien 2017 går med til oppussing og flytting, er det topp å kunne hiva seg rundt å ta ein miniferie når parketten er forseinka og sola dukkar fram!

Når heile sommarferien 2017 går med til oppussing og flytting, er det topp å kunne hiva seg rundt å ta ein miniferie sola dukkar fram medan ein ventar på ein forseinka parkett

Ein tirsdagskveld lasta me den gode, gamle hymercampen med syklar og SUP og vendte nasen mot Vikafjellet.

Med berre ein flokk sauer til naboar fekk me ei god natt søvn, før me vakna opplagt til sola.

Etter ein rask strekk på beina fortsette turen mot Sognefjorden.

Første stopp denne gong, som så mange gongar før; morgonkaffi i Vik, med utsikt til eit knippe laksefiskarar.

Campingbilen er kanskje ikkje så rask, men den gjev oss fantastiske moglegheiter til å utforska nærområdet og overnatte på dei finaste plassane.

Frå Vik gjekk turen vidare mot Sogndal, via ferja Vangsnes-Hella.

Første mål: nokre rundar med sykkel på fine skogsstiar i Kaupanger. Inne i skogen var det svalt og stien akkurat så fin at til og med pysete meg hadde det moro!

Etter nokre timar i skogen var det på tide med litt sjøliv. På Eide, mellom Sogndalsfjøra og Kaupanger, er det laga eit flott badeområde, med strand, molo og stupetårn.

Me pumpa opp padlebretta og padla eit lite stykke utover. Her satte me oss ned og fantaserte om sommarhus ved fjorden, og kjente på at ferie så definitivt ikkje er oppskrytt.

Når tida var inne for middag, køyrte me vidare mot Ølnes ved Barsnesfjorden. Her allierte me oss med ein lokal kompis og fekk parkere på eit pittelite nes.

Med eingongsgrill og vin i koppen på svaberget var det ingen annan plass eg heller skulle vore.

Snapchat-2110907851

Me vakna til nok ein flott sommardag – som skulle nytast fullt ut!

Å ha venner med brygge og båt kan anbefalast!

På Ølnes er livet fint, og av ein eller annan grunn skin sola kvar gong me kjem dit.

Etter ein heil dag med soling, padling og bading vendte me nasa mot Sogndalsdalen.

Her er ein nydeleg rasteplass ideell for camping, grilling og hundeleik.

Avstandane er relativt korte, så me fekk tid til nokre rundar på sykkel i Kaupanger før heimreise var eit faktum. Akkurat i tide til å henta parketten før helga.

Ein miniferie eg kan klare å leve på ei stund, medan dagane går med til maling, golvlegging og pakking.

Det beste er at campingbilen kan ta oss med på fleire slike turar utover hausten óg!

0 comments on “Kjærkomment avbrekk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: