Finse Flåm Norge Voss

Jentetur på Rallarvegen

Rallarvegen går frå høgfjell til fjord, og er ein av dei flottaste sykkelturane i Norge.

Kva er dine største ønskje når du sit framfor dataen og skriv tekstar om flotte turar og aktivitetar i nærområdet, medan heile juni regnar vekk? Jo, at sola skal skina og at ein får koma seg ut og oppleva noko av det ein skriv om!

2017-07-07 14.28.26
Utsikt frå Finse 1222

Akkurat det skjedde denne veka. Finse 1222 inviterte til visningstur på Rallarvegen, og trur du ikkje både sola og varmen dukka opp?

Toget gjekk frå Voss kl. 09.08 og ein god time seinare var vi framme på Finse. Der var sesongen så vidt i gang, men syklane stod på rekke og rad på perrongen. Frå sykkelutleigen fekk vi utdelt solide, men lette, terrengsyklar med store gode hjul, og etter ein liten tur innom hotellet hoppa vi på sykkeltoget mot Hallingskeid.

2017-07-07 14.28.54

Rallarvegen var opprinneleg anleggsvegen for den umoglege bygginga av Bergensbana, frå 1894 til 1909, og er omlag åtte mil frå Haugastøl i aust til Flåm i vest. I dag er det den mest populære sykkelruta i landet.

2017-07-07 14.27.09

I byrjinga av juli er det framleis mykje snø mellom Finse og Hallingskeid, og sjølv om det er mogleg å sykle ville det tatt for lang tid for vår del. Vi starta difor på Hallingskeid, der moroa byrjar!

2017-07-07 14.24.09

Frå Hallingskeid trillar du for det meste. Det er nokre parti som kan vera vanskelegare enn andre, med svært grov grus og steinar. Som oftast går det greitt å komme over om du har litt fart og ikkje er redd for punktering, men nokre stader kan det vera greitt å leia sykkelen.

Kven vil vel uansett haste avgarde med denne utsikta?

2017-07-07 14.31.48
Kleivabrua tok heile ni år å bygga

Med utsikt til Kleivabrua kunne vi nyte både dei nydelege matpakkene* frå Finse 1222 og synet av brua, som er rekna som den flottaste på heile Bergensbanen.  Dei av oss som hadde lese «Brobyggerne» av Jan Guillou, nytta også høvet til å fortelje om bakgrunnen til brua. Brua har ein sentral rolle i boka, og det utruleg tøffe arbeidet med å fullføre den. Det tok heile ni år!

 

2017-07-07 14.32.42

Vidare ned Kleivagjelet gjekk fint, sjølv om dette kanskje er det skumlaste på heile turen. Her vil du ikkje miste styringa! Ingen problem for dei som har sykla litt på sti.

2017-07-07 14.33.39

Deretter gjekk det radig mot Vatnahalsen, men like før var det nokre slake motbakker. Heldigvis kunne vi ikkje vore meir heldige med vêret; sol og varmt, men ikkje for varmt.

2017-07-07 14.34.16

Frå Vatnahalsen må ein ned 21 knappenålssvingar. Det er her Flåmsbana går opp på veg mot Myrdal, og utsikten til fossen er fantastisk. Hugs å ta det med ro i svingane!

2017-07-07 14.34.59

Sykkelturen går vidare nedover Flåmsdalen, først på grusveg og så over på asfalt etterkvart. Det er eit par kortare motbakkar, elles trillar ein fortare enn bilane.

2017-07-07 14.36.08
Prøvesmaking

Eit stopp på Rallarrosa Stølskafè bør vera obligatorisk. Her kan du blant anna kjøpa brun og kvit geitost, yoghurt med tilbehør, mjølkekaker med pålegg og fetaost. Alt laga av geitemjølk, såklart. Ver også obs på geiter i vegen!

Etter fire timar var vi vel framme ved fjorden i Flåm og satte frå oss syklane ved stasjonen. Der ville dei bli lasta på toget og frakta tilbake til Finse. Dette er alltid inkludert i sykkelleiga.

Deretter var det tid for after-bike på historiske Fretheim Hotel, med spekemat og lokalt øl frå Ægir.

2017-07-07 14.30.05
Sporty gjeng frå Destinasjon Voss

Ein perfekt studietur i vakker natur – sannsynlegvis min siste i Destinasjon Voss.

 

*Matpakka er inkludert i overnattingspakkene til hotellet.

0 comments on “Jentetur på Rallarvegen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: