Bærekraft Gambia UNESCO

Unik oppleving: Gambia

Gambia, det vesle landet i vest-Afrika, er eit av dei beste på bærekraftig reiseliv.

I 2010 studerte eg ansvarleg reiseliv i Leeds i England, og der fekk eg den unike moglegheiten med å ta ein tur til Gambia for å sjå på nokre av tiltaka som hadde vorte gjort der.

3

I ei veke budde eg på Kombo Beach Hotel, med stranda som næraste nabo og denne utsikta frå rommet.

 

 

Allereie første dag fekk eg vera med dottera til ein studiekollega og venninna hennar på tur. Med eigen sjåfør køyrte me til hovudmålet var Mama Africa – ein gamisk kunstnar som etter mange år i Europa hadde kome tilbake og oppretta eit slags museum for kvinnelege kunstnarar frå Afrika. Mitt første kunstkjøp skjedde faktisk her – eit bilete som framleis har hedersplass heime.

20

Deretter stod fersk fisk for tur. Fiskarane var nettopp kome inn med nyfanga fisk, og mine nye venninner skulle handla for familien. For min del var det berre å ta inn alle intrykka og prøva å lagra nokre digitalt!

15

Det mest utrulege skjedde etter fiskehandelen. Sjåføren tok ei skummel forbikøyring og kræsja nesten i ei kyr. Det hadde nok godt fint, hadde det ikkje vore ein høgareståande politimann i bilen vi køyrte forbi… Han såg nok ei blond, kvit jente i bilen, og tenkte at «her var det nokre lettjente pengar å hente». Seint på kvelden etter intervju på to ulike politistasjonar i stummande mørke, kom vi oss heldigvis unna utan å betale noko. Greitt å ha venner som høyres ut som legen til presidenten…

43

Turismen i Gambia har tidlegare vore plaga med «bumsters», menn og kvinner i alle aldrar som knivast om å selje noko til turistane. Ein del år tidlegare vart det gjort store grep her, og dei som kom til byane for å tene pengar fekk ta kurs i ulike fag. I tillegg vart alle sett opp på lister over seljarar, taxisjåførar, guidar, juice-lagarar osv., og alle fekk sine tilmålte tider der dei kunne få gjera det dei var opplært til.

42

Dette såg ut til å fungere svært bra. Det var aldri plagsomt å gå i gatene eller på stranda, og eg visste alltid at eg fekk ein god taxisjåfør eller ein god guide. Jentene over var fruktseljarar like utanfor hotellet mitt.

5

Hotellene hadde også rullering på kven som fekk selje souvenirar inne på området. Kvinna over fiksa ein flott batikkjole til meg på eit par dagar.

 

 

I tillegg til å sjå på korleis det fungerte med opplæringa og rulleringssystemet av seljarar m.m., skulle eg sjå på kva som var gjort i landsbyen Juffureh.

70

Juffureh skal vera landsbyen Kunta Kinte, hovudpersonen i boka og serien «Roots», kom i frå. Dit har det i årevis gått daglege utflukter frå turistområda.

71

Problemet var at sjølv om landsbyen vart oversvømt av turistar heile dagane, tente ingen av dei lokale på det. Og borna skulka skule for å tigga gåver frå dei tilreisande.

58

Eg var så heldig å få to turar til Juffureh i løpet av veka. Først på biltur med Fatou Beyai, som jobba for det statlege turistrådet, og deretter som ein del av ein vanleg gruppe med båt.

80

Blant anna var det også her holdt guidetrening lokalt, og når ei gruppe ankom byen tar desse over for guiden som elles følgjer gruppa. Sjølvsagt etter eit rulleringsystem slik at alle fekk like mykje.

59

Slik fekk vi som besøkjande endå betre innblikk i livet i byen, og dei lokale guidane fekk betalt direkte frå operatørane.

78

Det var ulovleg for turistar å gje gåver direkte til lokalbefolkninga, anten det var born eller vaksen. Gåver kunne ein gje til guiden, som vidare leverte det til skulen. Slik klarte dei å halde borna på skulebenken heile dagen.

76

Sjølv om Juffureh var tildels prega av mykje turistar, var det likevel sterke besøk begge gongar. Ein kom svært så nær den forferdelege historia.

75

I tillegg til lokale guidar, vart det sett opp marknad i byen kvar dag. Her måtte alle turistgrupper setje av ei viss tid, slik at flest mogleg kunne selje heimeproduserte souvenirar.

74

Inga tvil om at Gambia og resten av den afrikanske vestkysten har ein sterk historie.

84

Slaveøya låg like utanfor landsbyen. Her vart fangar frå heile Gambia haldt fanga i små bur medan dei venta på overfarten til Amerika.

87

Maryama, dottera til studiekollegaen min, var med på båtturen til Juffureh.

63

Ikkje alle som haldt til på stranda ved hotellet hadde ein fast jobb. Han her vart eg godt kjent med i løpet av veka. Det var alltid musikk og te å få!

29

Ein dag bestilte eg guida tur til hovudstaden, Banjul, med ein av dei sertifiserte guidane.

36

Han var dyktig både når det gjaldt historie, men også ved å visa meg det han skjønte eg ønska.

38

Som til dømes marknaden.

41

Morosam historie: Eg kjøpte eit stort og fargerikt smykke av denne dama, og ho skrytte av korleis familien hadde laga det. Eit par månader seinare fann eg nøyaktig same smykke i Tyrkia, og vart sjølvsagt opprømt over å finne eit smykke laga av hennar familie der! Den tyrkiske souvenirseljaren kunne derimot meddele at det var «Made in China»…

35

Banjul mai 2010.

103

«Roots» av Alex Haley må lesast om ein skal til Gambia spesielt, eller vestkysten av Afrika generelt. Eigentleg burde den vera obligatorisk lesing i skulen.

105

Når eg tenkjer tilbake på denne turen verkar den så uendeleg mykje lenger enn ei veke…

0 comments on “Unik oppleving: Gambia

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: