Balkan Kotor Montenegro

Fjordliv i Montenegro

Eit døgn i Kotor, med kajakktur på fjorden og morgontur opp borgmuren.

Kotorbukta vert kalla den sørlegaste fjorden i Europa. Eigentleg er det ein uttørka elvedal. Men det liknar så absolutt på ein vestlandsk fjord omkransa av majestetiske fjell.

SAM_8247

Kotor ligg inst i bukta og er eit must dersom ein først befinn seg i Montenegro. Eigentleg bør det vera eit must å besøkje for alle. Det er ein grunn til at byen er med på UNESCO si verdsarvliste.

Lokalbussen tok omlag ein time frå Budva. Frå busstasjonen rusla eg langs vannkanten forbi gamlebyen og fann enkelt fram til Guesthouse Anita, der eg skulle overnatte. Nok ein gong fekk eg sjekke inn tidleg, og kunne begi meg ut på å utforske Kotor by.

SAM_8262

Medan cruiseturistane fylte opp gamlebyen på dagtid, freista det å koma seg ut på fjorden. Langs strandpromenaden var det kjapt å få leiga seg kajakk.

SAM_8266

Eg styrte kajakken utover fjorden mot Dobrota, og kosa meg med synet av fjella og dei små landsbyane som nesten hang saman.

SAM_8275

Guiden anbefalte å padle eit stykke ut for så å krysse bukta og lage ein rundtur ut av det. Det var ikkje så lett. Å manøvrere ein dobbel sit-on-top kajakk aleine gjekk fint så lenge vatnet var stille. Stille var det diverre berre på første del av turen. Alt frå speedbåtar til cruiseskip køyrde etterkvart forbi og laga store dønningar. Heldigvis er denne typen kajakk svært stødig, så det var aldri fare for å tippe. Men å koma seg frå A til B tok litt tid…

Ettermiddag og kveld gjekk med til å utforska den pittoreske gamlebyen. Det er ein typisk middelalderby omringa av ein stor borgmur, bygd mellom 1100-1300. Trange smug, små opne plassar, kyrkjer i fleng og ein kaffibar på annakvart hjørne. Kaffi kan dei på Balkan!

Sightseeinga vart også krydra med små konsertar på dei ulike plassane.

20160731_203342

Som nemnt er Kotor omringa av ein borgmur, og denne går høgt opp i fjellsida over byen. Planen for neste morgon var klar; dei 1350 trappetrinna til toppen skulle forserast!

 

Eg var ute av døra kl. 06.30 og byrja klatringa litt før kl. 07.00. Det vert veldig varmt i Kotor, så ein av grunnane til å starte tidleg var å vera oppe før sola kom. Ein annan grunn er at det som oftast ligg to cruiseskip til kai kvar dag, og eg helst ville unngå å havne i kø på veg oppover. I tillegg må ein betale ein liten sum dersom ein går etter klokka åtte.

SAM_8346

Trappene byrjar i gamlebyen og turen opp gjekk lett. Det er mange trinn, men dei fleste er relativt flate. 280 meter stigning er jo ikkje all verdens, og det vart mange fotopausar undervegs. Hugs berre ok sko – alle trinn er ikkje like stødige!

Utsikten frå toppen er rett og slett formidabel, med sola som kikka opp over fjella. I det fjerne kunne ein sjå dagens første cruiseskip komme innover fjorden.

SAM_8396

Vel nede var det tid for frukost og eit par timar på stranda, før eg sjekka ut og gjekk tilbake mot busstasjonen. Herceg Novi, siste destinasjon på reisa stod for tur.

Kotor vil eg gjerne tilbake til, men helst vår eller haust når temperaturen er litt kjøligare. Då skal fjella utforskast – til fots og på sykkel.

1 comment on “Fjordliv i Montenegro

  1. Tilbakeping: Filmfestival i Herceg Novi – Her & der

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: