Balkan Herceg Novi Montenegro UNESCO

Filmfestival i Herceg Novi

Byen eg visste minst om, men som vart høgdepunkt på Ballkaneventyret.

Bussen snirkla seg på smale vegar utover langs fjorden frå Kotor, og eg håpa på å få eit glimt av Perast og den vesle øya, Our Lady of the Rocks. Diverre hadde den tidlege morgonen, sightseeinga i varmen og ventetida på den forsinka bussen gjort sitt – uansett kor mykje eg prøvde klarte ikkje augeloka halde seg opne… Heldigvis vakna eg tidsnok til å hoppe av bussen på den vesle stasjonen i åssida over Herceg Novi – siste destinasjon på Balkaneventyret.

20160801_153136

Det var varmt då eg gjekk av bussen. Utruleg varmt. Og eg klarte ikkje å få den indre gps’en til å fungere. Eg forstod heldigvis kjapt at folka her var anleis enn i Budva og Kotor. Fleire prøvde så godt dei kunne å hjelpa meg med å finna vegen til Casa di Mare, heilt til ei dame fulgte meg fram til der ho trudde det skulle vera.

20160804_180321

Og etter eitt minutts tid, der den herlege hjelparen min prøvde å finne ut om det var rett plass, kom Diana ut og spurte om eg var Anne frå Norge. Vel inne i det air condition-avkjølte 3-mannsrommet eg hadde for meg sjølv, kunne eg nok ein gong stadfeste at bileta frå Booking.com stemte å ein prikk – lyst og fint rom med raskt wifi og balkong med delvis utsikt til sjøen. Her skulle eg trivast dei neste dagane!

20160804_124512

Strandpromenaden låg 3 minutt frå Casa di Mare, og her var det brygger med solsenger på rad og rekke. Første dag vart tilbragt her, slik at eg kunne utforske byen når eg vart lei av sola. Også her merka eg at folka var anleis enn dei andre stadene i Montenegro. Kanskje fordi det var færre turistar? Det var ingen problem å leige ei solseng med parasoll, og når eg tok med alle tinga mine for å gå på sightseeing passa strandgutten på senga. Eg hadde jo betalt for ein heil dag!

20160802_150800

Som nemnt ligg Herceg Novi i ein skråning, og litt oppe i fjellsida ser ein det gamle fengselet Kanli Kula. Etter nokre timar strak ut i sola, pakka eg veska og byrja på trappene dit.

I dag er det amfiteater i borga, med over 1000 sitteplassar og nydeleg utsikt over byen og Adriaterhavet. Men du kan framleis få kjensla av korleis det var å sitja som fange her på 16-1700-talet.

20160802_152459

Nede i fangecellene kan ein blant anna sjå teikningar i veggene, laga av fangar som ein gong var innesperra her.

20160802_152408

Vidare gjekk turen nedover trappene mot Forte Mare, eit venetiansk forsvarsbygg frå 1300-talet. Denne borga skulle eg få god kjennskap til dei neste dagane.

For til min glede var det Herceg Novi internasjonale filmfestival den veka eg var i byen, og på Forte Mare vart det vist internasjonale filmar. Andre kvelden i byen gjorde eg ein heilaften ut av det; først nydeleg skalldyrsuppe etterfulgt av tunfiskbiff som smelta på tunga på Gradska Kafana, og vidare tilbake til Forte Mare for å sjå «I, Daniel Blake». Det var ein filmopplevelse utan sidestykke, med sjøen klukkande like under lerretet og stjernehimmelen glimrande over.

20160803_104112

Dag to var det dags for ny båttur og eit nytt fort. På biletet over ser du Forte Mare trone rett opp frå sjøen.

På veg til Zanjice Beach gjekk båten via landsbyen Rose, til Mamula fort og vidare til den blå grotta.

20160803_112438

Mamula Fort vart bygd på midten av 1800-talet og tar opp 90 % av øya den står på. Fortet var ein del av den østerisk-ungarske armeen sin forsvarsplan, men vart aldri nødvendig.

Under andre verdskrig gjorde Mussolini fortet om til konsentrasjonsleir, der fangar frå nærliggande plassar vart torturert og pint. I dag er det er nok av turistar som tar turen innom gratis, men plassen er temmeleg forfallen. Her hadde det nok vore ein god idè å ta inngangspengar, og bruka fortenesta til å halda plassen bossfritt og ryddig. Det er synd når historiske plassar smuldrar bort slik…

20160803_200805

Zanjice Beach var fin, men ikkje verdt ein ny båttur for min del. Eg trivs godt på «betongstrender» og avslutta Herceg Novi-opphaldet på same måte som første dag; med solseng på betongen, sightseeing i byen, god middag på den rimelegare pizzaria-delen av Gradska Kafana og utekino på Forte Mare.

Herceg Novi vart eit høgdepunkt på turen. Kanskje mest på grunn av dei venlege folka, men også på grunn av få andre turistar og filmfestivalen. I tillegg ligg byen omlag like langt frå Dubrovnik flyplass som Dubrovnik sjølv, så det var enkelt å ta taxi direkte dit før avreise.

0 comments on “Filmfestival i Herceg Novi

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: