Balkan Bosnia & Herzegovina Kroatia Montenegro Soloreise

Soloreise på Balkan

Balkan tilbyr historie, flott natur, turkist hav og koselege byar. Korleis er det å reise aleine der?

Sommaren 2016 ville eg oppleve noko nytt. Reise ein stad eg ikkje hadde vore før, oppleve både flott natur, spennande kultur, god mat, blått hav og varme. Eit eventyr rett og slett! Og dette ville eg gjera aleine.

Etter å ha vurdert ulike alternativ, med tanke på budsjett og krava eg lista opp over, landa eg på Balkan. Eg har tidlegare besøkt Kroatia, Serbia og Slovenia, og alltid hatt lyst til å sjå den gamle brua i Mostar, gamlebyen i Budva, der mor mi pleidde å feriera på syttitalet, og fjordbyen Kotor som har verdsarvstatus. Med fly tur retur Dubrovnik er moglegheitene mange.

SAM_8268
Padletur på Kotorbukta

REISERUTE

Ein viss plan på reiseruta syns eg er kjekt å ha, det gjer det enklare å gle seg og finne ut kva eg ikkje vil gå glipp av undervegs. Mogelegheit for endring undervegs syns eg likevel er viktig – kanskje møter ein nokon med gode tips? Google gjorde planlegginga enkel.

SAM_8185
Rusletur i Trebinje

Eg flaug som nemnt tur/retur Dubrovnik, og var i løpet av to veker innom seks destinasjonar eg hadde funne gode bussruter mellom. På alle plassane hadde eg nok tid til å sjå og gjera det eg ville, men ikkje tid til å kjeda meg.

Reiseruta mi såg slik ut:

  • Dubrovnik, Kroatia
  • Mostar, Bosnia & Herzegovina
  • Trebinje, Bosnia & Herzegovina
  • Budva, Montenegro
  • Kotor, Montenegro
  • Herceg Novi, Montenegro

I byrjinga tenkte eg å overnatte ei siste natt i Dubrovnik på veg heim, som i så fall berre hadde blitt å koma seint, sove og reise til flyplassen tidleg. Då eg fann ut at flyplassen låg midt mellom Herceg Novi og Dubrovnik var det like greitt å ligge i ro ei ekstra natt.

Kroatiakysten frå bussvindauga

TRANSPORT:

Buss vart transportmiddel for heile turen, noko som fungerte veldig bra. Kontinuerleg ny utsikt til flott natur, fine byar og landbyar er vel ikkje å forakte?

På langdistanserutene var det bussar av norsk standard (med andre ord ikkje luksus, men med aircondition og tryggleiken i behald), og førhandskjøpte billettar på nett sikra meg plass. For det meste fekk eg ein 2-seter for meg sjølv. Her var det alltid med to sjåførar, samtlege i godt humør! Kor ofte har du opplevd sjåføren få med nesten heile bussen på allsang?

På dei kortare rutene var det vanleg rutebuss, der ein kjøpte billett av sjåføren. Alle bussar gjekk frå busstasjonen i dei ulike byane.
Begge typane bussar tok 1-2 euro ekstra for bagasje, dette betaler du til sjåføren. Du får utlevert bagasjelapp som sjåføren sjekker før du får den tilbake. Eg betaler gladeleg nokre kroner for at bagasjen er trygg.

Billettane kjøpte eg på Getbybus.com og Rome2rio.com, det skulle vera litt rimelegare og sikra meg å kome fram på valgt tidspunkt. Hugs å printe billettane før avreise!

Herzegovina frå bussen

GRENSEKONTROLL:

Ein må rekne med at det går litt tid ved grensekontrollane. På vegen mellom Dubrovnik og Mostar må ein gjennom tre stykk, då ein først køyrer gjennom den vesle kystdelen til Bosnia før vegen på nytt går ut frå Kroatia.

I Dubrovnik fekk eg høyre om opptil seks timars venting for bussar ved den eine kontrollen… Det må ha vore frå nokon som ville tene litt ekstra på ein køyretur, for det lengste eg venta var 45 minutt. Bussen kom inn til Mostar nesten til tida. Anbefaler uansett ei god bok og litt mat og drikke.

Like før ein kjem til grensa samlar ein av sjåførane inn alle pass og id-kort. Desse tar han med seg inn på eit kontor medan passasjerane ventar i bussen. Nokre stader kjem grensevaktene inn på bussen, nokre stader ikkje.

Frå balkongen hjå Vila Mitrovic, Budva

OVERNATTING:

Tidlegare har eg budd ein del på hostel og dorms når eg har reist, det er det rimelegaste og du er nesten sikra å bli kjent med nye folk. Denne gongen ville eg helst ha eit rom for meg sjølv, helst med moglegheit til å prate med hyggelege folk innimellom. Akkurat det er det kjipaste med å reise aleine; ein må som oftast betale meir for å bu og hotell vert fort upersonleg.

Her var Balkanområdet perfekt! Det er flust med private rom til utleige overalt. Det er som oftast ein del av heimen som er gjort om til dobbeltrom eller små leilegheiter, dei fleste med eige bad, aircondition, rengjøring og wifi.

Eg budde privat på 5 av dei 6 plassane eg besøkte, og kunne ikkje vore meir nøgd; flotte rom, balkong med utsikt som lova og vertskap som inviterte til prat, kom med tips og elles passa på.

Den eine plassen eg budde på «hotell» kunne eg ikkje vore meir misnøgd med…

Frå balkongen hjå Casa Di Mare, Herceg Novi

Overnattingstadene bestilte eg på Booking.com før avreise. Der var det godt utval på alle destinasjonane og anmeldingane frå tidlegare gjester kom godt med. Alle plassane hadde gratis avbestilling fram til 24 timar før ankomst og betaling på staden. Slik var eg sikra om eg ville endre planar undervegs.

Kveldsstemning på Stradun, Dubrovnik

TRYGGLEIK:

Eg følte meg trygg. Punktum.

Sjølvsagt tok eg likevel førehandsreglar. Ikkje drikke seg full, i hovudsak gå der det er folk, ikkje ta med verdisaker på stranda eller andre plasser, osb. Dette er det same uansett kor eg reiser, men alle desse landa er kjent for lite kriminalitet.

Trengte eg det, var det hjelpsame folk overalt. Engelskkunnskapane var også jamt over gode.

Å reise åleine i dette området kan altså anbefalast, anten du har reist solo tidlegare eller er nybyrjar. Å reise hit kan eigentleg anbefalast til alle.

Ta med nokre gode bøker og eit smil og nyt herlege kulturar, mat, strand og natur!

1 comment on “Soloreise på Balkan

  1. Tilbakeping: Ei septemberveke i Kroatia – Her & der

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: